Tørr og varm desember

Fleire grader over normalen

Det vart den fjerde varmaste desember på dei siste 120 åra. På same tid kom om lag 50 prosent av normal nedbørsmengde.

Grøn desember: Desember var tørr og det kom lite snø. På Hellesylt var det julegrantenning utan at det var kvitt på bakken.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Fleire stadar i landet var avviket frå normalen i desember månad meir enn sju grader. Mellom fire og fem grader varmare enn normalen kunne ein oppleve i Stranda kommune. Sykkylven var mellom to og fire grader varmare enn desember månad i normalperioden 1961–1990. I Tafjord vart det 19. desember målt 17 plussgrader.