Fullbooka på Strandafjellet heile jula – skianlegget ved Fjellsætra opnar til helga

På Strandafjellet har det vore fullbooka heile romjula, men ved skianlegget på Fjellsætra har mangelen på snø gjort at ein ikkje har kunna opna før no til helga.

Strandafjellet: Her har det vore fullt i bakken sidan dei opna den 19. desember. Her er Linda Ludvigsen og Vilde Hjelle frå Røde Kors som følgjer med på det som skjer.  Foto: Sofie Svanes Flem / Sunnmørsposten

Nyhende

Det verkar som folk har sakna å stå på ski i året som gjekk. I alle fall om vi skal tru Ståle Fjørstad hos Strandafjellet skisenter. Han melder om full skibakke sidan dei opna 19. desember.