To personar testa positivt

To personar har positiv test for Covid-19 i Sykkylven.
Nyhende

Den eine er utanlandsk arbeidstakar som testa positivt ved ankomst til Norge. Vedkomande har vore i karantene i Sykkylven, og er no i isolasjon. Den andre er ein yngre person som er testa i Sykkylven. Denne personen har vore i nærkontakt til smitte i Ålesund og har difor vore i karantene. Begge skal vere i god form. Dette melder Sykkylven kommune.