Stor auke i bøtesatsane

– Legg vekk mobilen under bilkøyring

Det vil svi ekstra i lommeboka om ein no blir tatt for å bryte lova om mobilbruk under bilkøyring. Frå 1. januar i år auka bøtesatsane frå 1.700 kroner til 5.000 kroner, og prikkbelastninga på førarkortet auka frå to til tre.

Tiltak: Trafikkoordinator i Møre og Romsdal politidistrikt, Steven Blindheim håpar at auken på bøtesatsane for mobilbruk under bilkøyring vil ha effekt. Foto: Christine Fohlin Verneland 

Nyhende

– Vi håpar at denne auken vil føre til at bilførarar tenkjer seg om ein ekstra gong før mobilen blir leita fram under køyring, seier trafikkoordinator i Møre og Romsdal politidistrikt, Steven Blindheim.