Dei lokale mediehusa til Sunnmørsposten får ny direktør

Frank Støyva Emblem tek over som ny direktør for dei lokale mediehusa til Sunnmørsposten etter Lidvar Flydal som går av med pensjon.

Frank Støyva Emblem  Foto: ÅKP

Nyhende

Det er Sunnmørsposten som melder dette i ei pressemelding. Frank Støyva Emblem kjem frå jobben som kommunikasjonssjef i Ålesund Kunnskapspark AS (ÅKP) og blir frå 1. april ny direktør for dei lokale mediehusa til Sunnmørsposten. Dette omfattar mediehusa Fjordabladet på Nordfjordeid, Fjordingen i Stryn, Fjordenes Tidende i Måløy, Fjuken i Skjåk, Dølen på Vinstra, Vigga i Lesja, Møre-Nytt i Ørsta, Nyss i Sykkylven og Stranda, Vestlandsnytt i Fosnavåg og Vikebladet Vestposten i Ulsteinvik. Han tek over etter Lidvar Flydal som går av etter oppnådd pensjonsalder.