16 år med pendling

Godt kjend med vintervegen

Sissel Hansen bur i Sykkylven og arbeider i Stranda. Sett vekk frå nokre få dagar med vanskeleg føre om vinteren synest ho køyreturen over fjellet er grei. – Det er den første snøen som er glattast, som dei seier gamlekarane, ler ho.

Pendlar: Sissel Hansen har pendla over Strandafjellet i mange år.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Det kan vere mørkt og kaldt med snø og slaps på vegane når Sissel Hansen skal over fjellet og på jobb om morgonen. Likevel held ho seg positiv når det gjeld pendlinga.