Då Noreg blei stengt ned på grunn av koronasituasjonen, blei alle planar for året lagt til side. All aktivitet og då spesielt Hundeidvik Fotballfestival, som er årets høgdepunkt, blei avlyst. Men i Hundeidvik let dei seg ikkje knekke av ein pandemi. Når aktivitetar blei kanselerte, var det mange ivrige og kreative krefter i krinsen som slo saman hovuda. Her såg dei ikkje problem, men berre utfordringar. No var det mogleg å kunne realisere nye idear for vidare utvikling av krinsen.
Ronny Utgård og Idrettslaget
Ikkje tid for kvile i Hundeidvik
2020 har vore eit spesielt og vanskeleg år for frivillige organisasjonar. I Hundeidvik har dei tenkt litt utanfor boksen og utnytta moglegheitene dette har gitt. I staden for å kapitulere, har nye idear sett dagens lys.
Dugnad Her er fleire av dei dugande eldsjelene i ferd med å renover og bygge om salen i grendehuset. Foto: Privat
Nyhende