Hopp i det

Januar er ein perfekt månad for trening

Januar er ein typisk månad der mange vil legge om livsstilen og gjerne starte med trening att. Nyss tok ein prat med fleire treningssenter for å sjekke korleis stoda er i vårt distrikt.
Nyhende

I Storgata på Stranda var det fleire som trente vekter då vi kom innom. Jeanette Alme, som er ein av tre drivarar, fortalde at dei faste var i rute att, men at det kanskje hadde vore endå fleire der om det ikkje var for koronarestriksjonane.