Rapport frå 2019:

Eitt fareområde for kvikkleire i Sykkylven

– Det må større tiltak til for at det skal skje noko, seier kommuneplanleggar Njell Hoftun i Sykkylven kommune.

Aktuelt: Kommuneplanleggar Njell Hoftun (til venstre) fortel at kvikkleireproblematikken er aktuell, sjølv om det ikkje finnst mykje av det i Sykkylven. Her saman med ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) ved eit tidlegare høve.  Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

30. desember tok eit kvikkleireskred i Ask i Gjerdrum kommune på Austlandet med seg fleire bustadhus, og ti personar mista livet. Det har òg gjort at kvikkleire har blitt eit samtaleemne for mange rundt om i landet.