Gjennomfører kreative nærekspedisjonar

Klatra 696 gongar opp i eit tre

Koronapandemi og strenge restriksjonar stoppar ikkje sykkylving og eventyrar Mathias Ekornås frå å gjennomføre ein «seven summits» som nærekspedisjonar i Oslo. I fjor gjekk han «Mount Everest» i trappeoppgangen sin på Torshov, og no har han klatra nesten 7.000 meter i eit tre, noko som svarar til fjellet Aconcagua i Argentina.

Fjelltreklatring: I løpet av 24 timar klatra eventyraren Mathias Ekornås heile 696 gonger opp og ned eit tre i Oslo. Det tilsvarer det argentinske fjellet Aconcagua.  Foto: Hanne Martinsen

Nyhende

– Eg er utruleg sliten, og eg kan love at det ikkje blir dei heilt store sprella i dag, seier Mathias Ekornås. Etter ein 24 timar lang ekspedisjon opp og ned i eit tre, er det ikkje rart at kroppen seier ifrå.