Leik og moro

Mange har testa skøytene

Familien Tafjord Værnes i Sykkylven er mellom dei mange som har testa skøytene den siste tida. - Vi bruker vanlegvis å skøyte på Tuvatnet, men der er ikkje isen trygg, fortel Andreas Værnes, som heller fann vegen til Sessvatnet.

Bålkos: Det er koseleg med bål, grilling og kakao.  Foto: Andreas Værnes

Nyhende

Det har vore ein periode med kuldegrader, noko som har lokka mange små og store ut på skøyteisen. I Sykkylven har ikkje skitrekket vore ope før denne helga, og dette kombinert med koronarestriksjonar som har lagt mange fritidsaktivitetar "på is", har nok bidratt til at ekstra mange har har blåst støvet av skøytene.