Kommentar:

Viktig med nok vaksine

IllustrasjonsFoto: Poprotskiy Alexey/Colourbox.com 

Nyhende

Det var pasientar ved sjukeheimen i Stranda og på Buas i Sykkylven som tysdag fekk dei første dosane med Pfizer-vaksinen mot Covid-19. I første omgang har Stranda fått tildelt 20 dosar med vaksinar og Sykkylven 30. Helsestyresmaktene fryktar at koronapandemien skal kome ut av kontroll, og har difor innført eit strengare regime om korleis vi skal oppføre oss. Smittetala har nærast eksplodert dei siste dagane. Testmønsteret i juleferien viser eit mutert virus. Einskilde dagar i denne veka vart det registrert over 900 smittetilfelle. I førre veke var det innmeldt 3.440 personar som var smitta. Oslo og Stavanger er mellom byane med største smitte.

Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI) er bekymra for auka smitte som følgje av meir reising og sosial aktivitet i jule- og nyttårshelga. Det er innført såkalla gult nivå i barneskulane og barnehagane, og raudt nivå på ungdomsskulane. Alkoholforbodet er eit faktum for restaurantane, og elles er det skjerpa tiltak der det går føre seg aktivitetar der fleire er samla, mellom anna i større varehus og kjøpesenter.

Frå regjeringshald blir det no vurdert om det skal bli innført ei slags form for portforbod, eller noko som liknar. Helsestyresmaktane vil for all del ikkje miste kontrollen slik at pandemien kan få fritt spelerom. Slik situasjonen er no er det såkalla R-talet på 1,4, som betyr at kvar person som har viruset i snitt vil smitte 1,4 nye personar. Dette talet er for høgt. R-talet må under 1,0.

På grunn av den kritiske situasjonen vil regjeringa forlenge den generelle kompensasjonsordninga for næringslivet til mars og april med same støttenivå som i januar og februar. 18. januar opnar ein ny portal der bedriftene kan søkje om støtte. Næringsminister Iselin Nybø lovar at behandlingstida skal vere kort, og at pengane skal kome inn på konto i løpet av få dagar.

Det er ikkje tvil om at mange bransjar slit. Spesielt innan restaurant, hotell, reiseliv og turisme generelt. Dei første konkursane er allereie eit faktum, og fleire kan bli råka.

No er det avgjerande at det blir produsert nok vaksinar, slik at alle som har takka ja til å bli vaksinert kan få gjort dette så snart som råd. Men det vil nok gå ei tid, kanskje langt ut på våren eller sommaren før koronapandemien er under kontroll.