Nær tusen fellingar

Hjortejakta var ferdig 23. desember og no er tala klare for fjorårets jakt. Rett i underkant av tusen hjortar var skotne i dei to kommunane.

Tusen fellingar: Det mangla berre seks dyr på at jegerane i Stranda og Sykkylven skaut tusen hjortedyr i jakta 2020. Foto: Privat 

Nyhende

Jegerane i Stranda kommune har i løpet av jakta sett om lag same mengde hjort som året før kan Asle Johan Bergseth Konnerth ved skog og vilt i Stranda kommune fortelje. Den siste oppdateringa viser at det totalt vart felt 498 hjort. Dette gir ein fellingsprosent på 70,6 av den totale kvoten på 702 dyr.

– Det er positivt å sjå at slaktevekta på bukkar aukar, seier Konnerth.

Fokus på hodyr

Rådgjevar miljø og landbruk i Sykkylven kommune, Karl Johan Stadsnes seier at høg avskyting dei siste ti åra i tillegg til dreiing av uttak av dyr frå hanndyr og meir over på hanndyr fører til fleire eldre bukkar vil medføre at gode genar blir ført vidare – og vonleg påverke slaktevektene i positiv forstand.

Fellingsprosenten i Sykkylven vart på 87 prosent og det vart skote 496 dyr. Av desse var 205 koller og det er 41 prosent av totalen.

Stadsnes seier dei støttar seg til artikkelen «Bukkar i hjortebestanden – kva betyr dei og kva er fornuftig forvaltning?», skriven av Erling L. Meisingset, forskar ved NIBIO. Den tek for seg ulike faktorar ved hjorteforvaltning, mellom andre trendar i hjortejakt som dei siste 15 åra har hatt ei dreiing mot å skyte fleire koller. Den tek også for seg slaktevekt og produktivitet, faktorar som har påverka dette.

Auke i fellingar

Kvoten på hjortedyr vart redusert frå 2019 til 2020, frå 897 til 702 dyr i Stranda kommune. Resultatet på 498 dyr i 2020 var ei auke frå året før på 35 dyr då det vart skote 463 dyr i Stranda.

– Nokre vald har gjort ein særdeles god jobb ut frå dei tala som er rapportert inn. For å nemne nokre Fausadalen, Nedre Sunnylvsbygda, Liabygda og Langedalen, seier Konnerth.

Også i Sykkylven har det vore auke i talet på fellingar samanlikna med 2019. Ei auke på 40 dyr frå fjoråret, og fellingsprosent på 87 gjer at Stadsnes konkluderer med ei særs vellykka hjortejakt i 2020.

Flest fellingar i Sykkylven var det Velledalen storvald som stod for med sine 96 fellingar i jakta. Prosentmessig var det Straumsdalen storvald som var høgast. Her vart det felt 115 prosent av tildelt kvote.