Trafikkulukka i Stordal

Trebarnsmor omkom

Den 45 år gamle kvinna som var med i ei trafikkulukke i Stordal fredag 8. januar omkom av skadane laurdag. Pårørande er varsla. To barn på 14 år og 16 år er lettare skada etter ulukka. Dei er begge innlagt ved Ålesund sjukehus. Eit barn på 7 år alvorleg skada, klinisk stabil og får behandling ved St. Olav Hospital. Kvinna var mor til dei tre barna.
Nyhende