Slik får du lest alt på nyss.no

Abonnentar på tidlegare Sykkylvsbladet må registrere seg på nytt for å lese alt innhald på nye NYSS.

Innlogging: Redaktør Frank Kjøde fortel at innhaldet på nyss.no ligg ute for alle akkurat no. Dette vert endra onsdag.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Nye NYSS er eit resultat av fusjonen mellom Sykkylvsbladet og Sunnmøringen. Onsdag 6. januar kom den nye papiravisa for Sykkylven og Stranda, og samtidig blei nyss.no lansert.

Dei fleste artiklane på nyss.no vil i framtida berre vere mogleg å lese for abonnentar av den nye lokalavisa. Dei vil også få tilgang til e-avisa som følgjer med utgjevnaden av papiravisa kvar onsdag og fredag.

  • Er du tidlegare abonnent på Sunnmøringen er det inga endring for å lese pluss-artiklar eller e-avis på nyss.no.
  • Er du derimot ein av om lag 2.200 abonnentar på Sykkylvsbladet må du lage deg ein ny brukar via Schibsted sitt innloggingssystem. Du kan bruke same innlogging som tidlegare, dersom du er brukar på Sunnmørsposten, VG- Finn.no eller andre aviser som brukar denne innlogginga frå før.

Slik lagar du ny brukar:

  1. Gå inn og opprett ny brukar på denne lenka!
  2. Vel «Opprett brukar», legg inn e-post som abonnementet er registrert på og vel eit passord.
  3. Du vil få ein e-post frå Schibsted, klikk på lenka for å aktivere brukaren din. Ved oppretting av ny Schibsted-brukar kan det vere at du må bekrefte ny brukar for å kople den saman med NYSS-abonnementet ditt.

Skulle du ha behov for hjelp? Kontakt kundeservice på telefon 70 25 48 48, tast 1 eller kontakt oss på e -post: abonnement@nyss.no

Alle som tidlegare berre har hatt papirabonnement på Sykkylvsbladet, får no digital tilgang inkludert i abonnementet. Med andre ord er alle som har papiravisa komplettkundar og får digital tilgang og papiravisa to dagar i veka.