Stoppa av politiet

Meld for nedisa vindauge

Politiet stoppa ein personbil med svært nedisa vindauge i Sykkylven sentrum onsdag ettermiddag. Føraren var ein mann i 20-åra. - Han hadde nok ikkje køyrd så langt, for han hadde lite sikt både framover, bakover og til sidene. Det er viktig at ein har klar sikt frå starten av køyreturen. I tillegg til at det er trafikkfarleg å køyre med dårleg sikt, kan ein risikere å verte meld og få førarkortet kverrsett, slik denne føraren gjorde, seier operasjonsleiar Borge Amdam.

Det er viktig å sørgje for god sikt.   Foto: Illustrasjonsfoto: Monica Aure Fallingen

Nyhende