Må tappe Nysætervatnet grunna lekkasje

I vinter vil Stranda Energi AS måtte tappe Nysætervatnet ned til rundt 11 meter under høgste regulerte vasstand, men ikkje fordi dei skal produsere meir straum.

Må tappast: Grunna ein lekkasje på eit rør i tunnelen til Fausa kraftverk, må Nysætervatnet tappast ned til lågaste regulerte vasstand i vinter.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

– Det er ein liten lekkasje på eit rør inne i tunnelen. Vi må tappe vatnet for å vareta tryggleiken til dei som skal jobbe, ved å ha minst mogleg vasstrykk på luka der dei skal jobbe, fortel dagleg leiar Ola Raknes i Stranda Energi AS til Nyss.