Rykte ut til pipebrann i Sykkylven onsdag

Brannvesenet måtte rykke ut til ein pipebrann i Ullavik i Sykkylven onsdag kveld. Brannmeisteren fortel det skjer nokre gonger per sesong.

Pipebrann: Brannvesenet på staden under ein pipebrann i Ullavik i Sykkylven onsdag kveld. Foto: Arild L. Aure 

Nyhende

– Ofte har ein kanskje hatt litt feil fyring over lengre tid. Då får ein det ein kallar beksot i pipa som kan ta fyr, fortel brannmeister Gjermund Eidem i Sykkylven brann- og redningsteneste til Nyss.