Kyrkjene i Sykkylven og Stranda

Gudstenesta søndag

Kyrkjene i Sykkylven og Stranda ønskjer å dele gudstenester med lesarane av Nyss i koronatida. Første tekst er innsendt av sokneprest Simen Elias Nordbrønd Myklebust.

Dagens gudsteneste: Sokneprest Simen Elias Nordbrønd Myklebust har dagens gudsteneste på Nyss. 

Nyhende

Opning

Når du feirar gudsteneste i heimen kan du byrje med å seia:

«I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.»

Salme 1

T 1698 Petter Dass, O 1909 Gustav Jensen, M Norsk folketone (Romedal)

1. Herre Gud, ditt dyre navn og ære , over verden høyt i akt skal være, og alle sjele, de trette træle, alt som har mæle, de skal fortelle din ære.

2. Gud er Gud, om alle land lå øde, Gud er Gud, om alle mann var døde. Om slekter svimler – blant stjernestimler i høye himler utallig vrimler Guds grøde.

3. Høye hall og dype dal skal vike, jord og himmel falle skal tillike, hvert fjell, hver tinde skal brått forsvinne, men opp skal rinne, som solen skinne, Guds rike!

Tekstlesing

Salme 121

1. Ein song til festreisene. Eg lyfter auga mine til fjella. Kvar kjem mi hjelp ifrå?

2. Mi hjelp kjem frå HERREN, som har skapt himmel og jord.

3. Han vil ikkje la foten din vakla, din vaktar vil ikkje blunda!

4. Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar.

5. HERREN er din vaktar, HERREN er din skugge ved di høgre hand.

6. Sola skal ikkje skada deg om dagen, heller ikkje månen om natta.

7. HERREN skal vara deg frå alt vondt. Han skal verna om ditt liv.

8. HERREN skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid.

Tale

Denne salmen er ein av salmane som jødane song når dei var på tur til Jerusalem før dei store høgtidene: festreisene.

Det kunne vere ein farleg tur. Då den barmhjertige samaritan må hjelpe ein som er tatt av røvarar så er det på denne strekninga. Dei går altså ein viktig tur, men ein usikker tur. Difors yng dei denne salmen for å minne seg på kven som vernar om dei. Herren, Gud som har skapt himmel og jord gir hjelp. Han kjem til å verne dei frå farar og verne livet deira.

Vi veit at Jesus gjekk denne turen opp til Jerusalem, og vi kan gå ut i frå at han song denne salmen saman med familien sin og saman med disiplane. Men då han gjekk til Jerusalem i påska, så vart salmen motsett for hans del. Han får ikkje hjelp, men blir dømt under falske skuldingar når han kjem fram. Foten hans vaklar under vekta av korset. Han får ikkje hjelp frå sin Far, i staden så blir han straffa for alt vondt vi har gjort.

Herren vernar ikkje om hans liv, han døyr. Då Jesus gjekk igjennom lidinga si i påska så sat han ikkje salme 121 utav spill, han oppfylte den. For når han gjer dette så viser han kor langt Gud er villig til å gå for at salmen skal gå i oppfylling. Vi kan ha håp om at alt blir bra til slutt, for Jesus har gitt sitt liv for at vi skal få evig liv ved trua på han.

Altså bør salmen gi minst like stort håp for oss som for dei første som song den. Dei såg for seg å vere trygg den komande reisa. Vi har ikkje noko løfte om at vi framleis lever i morgon, men om vi trur på Jesus så har vi eit løfte om evig liv fordi han har døydd for oss.

Truvedkjenninga

(reis deg gjerne opp og sei høgt)

Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmelen og jorda.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagt, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den heilage ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

Salme 327

Jeg løfter mine øyne opp til fjellene, hvor skal min hjelp komme fra? Min hjelp kommer ifra Herren, himmelens og jordens skaper. Han skal ingenlunde la din fot vakle, din vokter skal ingenlunde slumre, se, han slumrer ikke og sover ikke, Israels vokter.

Herren er din vokter, Herren er din skygge ved din høyre hånd. Solen skal ikke stikke deg om dagen, ei heller månen om natten. Herren skal bevare deg fra alt ondt, han skal bevare din sjel.

Herren skal bevare din utgang og din inngang fra nå av og til evig tid. Amen! Fra nå av og til evig tid.

La la la la, la la la la, la la la la, lala la, la la la la, la la la la, la la la la la.

Forbønn

Oppstadne Frelsar, Jesus Kristus, du rekkjer hendene mot oss når vi tvilar.

Gje oss tru når vi ikkje forstår, så vi kan leva i lyset av di oppstode og tilgje vårt eige og andre sitt svik.

Gud vi ber. Herre høyr vår bøn.

Jesus Kristus, gode hyrding, du kjenner oss og fører oss på rettferds stigar. Vakt oss mot alle farar og leit oss opp når vi går oss vill, så vi kan samlast hos deg i ditt evige rike, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.

Gud vi ber. Herre høyr vår bøn.

Herre Jesus Kristus, du er vegen, sanninga og livet. Vi bed deg: Lær oss å elska kvarandre som du har elska oss, og styrk oss i håpet om at vi ein dag skal samlast hos deg i ditt rike, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.

Gud vi ber. Herre høyr vår bøn. Amen.

Herrens bøn

Så kan du be høgt eller stille:

Vår Far i himmelen!

Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.

Velsigninga

Så seier du:

Herren velsigne deg og vare deg!

Herren la sitt andlet lyse over deg og vere deg nådig

Herren lyfte sitt andlet mot deg og gje deg fred! Amen