Aldri før har dei laga meir pizza

Vi blir visst aldri mett på pizza. I fjor laga Orkla Foods Norge sin fabrikk på Stranda 40,6 millionar pizzaer. Det er om lag tre og ein halv million fleire enn året før.

Rekord: Det har aldri blitt selt fleire Grandisar i Norge. I fjor selde Orkla heile 40,6 millionar pizzaer.  Foto: Johan Behrentz / Arkiv

Nyhende

(Smp): – Salet av pizza aukar stadig, og det er framleis Grandiosa som er den mest populære varianten. Denne selde vi 26 millionar av i fjor. Det betyr at vi sidan fabrikken starta for 40 år sidan har laga 600 millionar Grandiosaer her på Stranda.