Kommentar:

Infrastrukturen på fjellet

Skiaktivitet på Fjellsætra: Det var stor utfart til skisentra på Strandafjellet og Fjellsætra sist helg.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Skisentera på Strandafjellet og Fjellsætra har stått i fokus dei siste dagane. Godt vêr og gnistrande løyper har resultert i stor utfart. Hyttefolket og dei mange tilreisande opplevde reine påskestemninga sist helg. Til tider var det tendens til kaos på Fjellsætra, men dei ansvarlege sytte etter kvart for at smittevernreglane vart følgde. Det er ikkje like enkelt for dei minste å følge meters-regelen alltid. Difor er det viktig at dei yngste er saman med vaksne som kan halde eit oversyn, spesielt når dei boltrar seg i barnetrekka.

Strandafjellet og Fjellsætra er to fantastiske område som dei siste åra har utvikla seg til å bli mellom dei mest attraktive utfartsstadane på våre kantar av landet. Opp gjennom åra har det blitt bygd hundrevis av hytter, og fleire hytteområde er under planlegging. Infrastrukturen er viktig, ikkje minst vegsystema. På Fjellsætra og Nysætra, samt i Fausaområdet står ein del att før vatn og avløp er fullt utbygd. Slik eg forstår det, er det så langt ikkje endeleg avklart om avlaupsnettet skal gå via Fasteindalen til Ramstaddalen eller i røyrsystem på botnen av Nysætervatnet og vidare via Fausadalen. Dei aktuelle alternativa har vore drøfta i kommuneadministrasjonen og mellom politikarane på begge sider av fjellet.