Sjøfronten i fokus

Får Rema bygge «operahuset» ved Kaitrappa?

Nærings- og utviklingsutvalet (NU) i Sykkylven skal komande måndag handsame kva som skal skje med sjøfronten i Aure sentrum, der det tidlegare terminalbygget vart fjerna i 2018. Opp gjennom åra har det vore lansert fleire planar kva den såkalla godsterminaltomta skal nyttast til. Mellom anna er det planar om ein ny Rema-butikk som liknar operahuset i Oslo.

Spektakulært: Rema vil bygge eit bygg på kaiområdet, som liknar operahuset i Oslo.   Foto: Illustrasjon: Kibsgaard-Petersen AS

Nyhende

Godsterminaltomta, eller sjøfronten i Aure sentrum har stått i fokus dei siste ti-femten åra. Meiningane har vore mange, og planar om nytt hotell, fleirbrukshus, kjøpesenter, rådhus, folkebad, høghus og leilegheiter har i tur og orden blitt presentert. Det har ikkje vore mangel på prosjekt, men derimot mangel på å få ideane finansierte.