Knapt fleirtal

Seier ja til flyktningar med ei stemme overvekt

Helse, oppvekst og kulturutvalet(HOK) i Stranda kommune sa i førre veke ja til busetting av ti flyktningar i 2021. Tysdag var saka oppe i formannskapet.

Fleirtal: Tilrådinga til kommunestyret er å ta imot ti flyktningar.  Foto: Ingrid Hjellbakk Kvamstø

Nyhende

Rådmannen si innstilling er å seie nei til å ta imot ti flyktningar i 2021. Jostein Dalen (Sp) fremma i HOK forslag om å seie ja med grunngjevinga om at Stranda kommune ønsker å ta dette samfunnsansvaret. Tilrådinga til formannskapet om å seie ja fekk fem mot to stemmer og vart vedteke.