Endeleg renn igjen

Skiskyting i Markane

Skiskyttargruppa til Sunnylven IL trenar to gongar i veka. Den siste tida har det også vore nok snø til å gå på ski, og i helga var det endeleg klart for renn.

Stor deltaking: Av dei totalt rundt hundre deltakarane var 13 av skiskyttarane frå Sunnylven IL. Foto: Privat, Anne Karin Brenne Ringdal 

Nyhende

Laurdag reiste 13 skiskyttarar frå Sunnylven IL til nabokommunen Stryn. Hardbagg IL og Markane IL arrangerte krinsrenn i skiskyting både laurdag og søndag.