Stranda og Sykkylven har fått felles NAV-kontor:

– Det meste vert som før for brukarane

Frå 1. januar er NAV-kontora i Sykkylven og Stranda slått saman til eitt, NAV Sykkylven-Stranda.

Samanslåing: NAV-sjef Karoline Lied ser mange positive sider ved samanslåinga.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

– Vi har framleis lokale i Stranda der vi gjennomfører planlagde møter, så eg trur ikkje brukarane vil merke stort av samanslåinga, seier leiar Karoline Lied.