Slik går det med vaksineringa:

– Stor interesse for å bli vaksinert

Sykkylven kommune er godt i gang med tredje veka av vaksineringsarbeidet, og Margit Aure Overå, rådgjevar helse og omsorg, seier interessa blant sykkylvingane er stor.

Vaksinert: Det har vore stor interesse i Sykkylven for å bli vaksinert. Johanne Langhaug er blant dei som har fått vaksinen.   Foto: Sykkylven kommune

Nyhende

5. januar vart dei første vaksinane mot covid-19 sett i Sykkylven og Stranda. Neste veke startar vaksineringa med dose to. I første omgang fekk Sykkylven kommune 30 dosar og Stranda 20. Margit Aure Overå seier at dei får informasjon frå veke til veke om kor mange dosar kommunen blir tildelt.