Elevane er fornøgde med Sykkylven vidaregåande skule:

Gode resultat frå elevundersøkinga

Resultata frå elevundersøkinga for 2020/21 har gitt gode resultat for Sykkylven vidaregåande skule.

Trivst: Sykkylven vidaregåande skule gjer det godt på den siste elevundersøkinga. Her er medlemmar frå elevrådet saman med rektor. Frå venstre: Emilie Bonesmo, Ibrahim Abdulqadir Amin Osman, Simen Løseth Brunstad, Fredrik Korsvik-Alnes og rektor Barbro Midtgård.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– Det er veldig kjekt å vere rektor når ein får slike resultat, seier rektor Barbro Midtgård på Sykkylven vidaregåande skule.