Sykkylven hundeklubb:

Opnar dørene igjen

Grunna smittevernomsyn har Sykkylven hundeklubb halde dørene til treningslokalet stengte så langt i år, men denne veka kunne to- og firbeinte igjen samlast til trening.

Ope treningslokale: Med eit avgrensa tal på deltakarar, kunne Sykkylven hundeklubb igjen invitere til trening.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

– Sjølv om vi no har opna opp igjen for at vi kan ha fellestreningar, har vi dei same avgrensingane og smitteverntiltaka som vi hadde før årsskiftet, seier leiar i Sykkylven hundeklubb, Britt Unni Rørstad.