Kloakken går rett i sjøen

I dag går kloakk frå mindre fartøy og ferjer rett i fjordar. Etter nye lovendringar skal Stranda hamnevesen KF finne ei løysing på kloakkutsleppa i Geirangerfjorden.

Har starta arbeidet: Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda, er i full gang med å finne ei mellombels løysing på kloakkutslepp i Geirangerfjorden.   Foto: Privat

Nyhende

Sjøfartsdirektoratet har fastsett endringar i miljøsikkerhetsforskriften i 2019 som omfattar endringar i kloakkreglane. Desse er særskilde reglar for verdsarvfjordane, og pålegg Stranda kommune å legge til rette for mottak av kloakk i Geirangerfjorden frå 1. januar 2024.