Farvelgåve til pensjonist

Pensjonist: Bjørg Bueide prøvesit Care stolen som ho får i gåve når ho går av med pensjon. Her er ho saman med administrerande direktør Steinar Myrseth.  Foto: Privat

Nyhende

Ved Formfin i Sykkylven har det vore meldt om medvind den siste tida og fleire nytilsettingar. Samtidig er det enkelte som går over i pensjonistane sine rekkjer også.

– Når ein tilsett her på Formfin avsluttar si yrkesaktive karriere, får dei høve til å ta seg ut ein kvilestol frå kolleksjonen vår. Dette er ein tradisjon vi har hatt i mange år, og som alle setjer stor pris på. Og ærleg talt; det skulle berre mangle, det er vel fortent, seier administrerande direktør Steinar Myrseth.

Bjørg Bueide er den siste som har fått overlevert stol. Ho går no over til pensjonist-tilværet etter mange år ved Formfin Møbler. Ho har vore innom fleire avdelinger på fabrikken, i tillegg til at ho har vore tillitsvalt.

– Det er difor med stor glede vi som arbeidsgjevar gir ho eit gåvekort, med verdi på ein ny kvilestol., avsluttar Steinar Myrseth.