Fylkeskommunen løyver pengar til kaiprosjekt i Stranda

Tysdag blei det vedteke at fylkeskommunen vil løyve 1,055 millionar kroner til prosjektet «Grøn kai» i Stranda kommune.

I utvalet: Erik Kursetgjerde (Ap) frå Sykkylven sit i næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune  Foto: Arkiv

Nyhende

Det melder Erik Kursetgjerde, fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sykkylven og medlem av næringsutvalet. I vedtaket som blei gjort under tysdagens møte i Kultur-, nærings- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, kjem det fram at fylkeskommunen vil løyve 1,055 millionar kroner til Stranda kommune sitt «Grøn kai»-prosjekt.