Delte ut blomstrar til eldre i Sykkylven

Eit lyspunkt i kvardagen

På initiativ frå diakon Kristin Kjemphol Lohne, vart det skipa til ein felles dugnad for å dele ut blomster til dei eldre i Sykkylven.

Gledeleg: Helga og Rolf Hjellegjerde kunne glede Borghild og Kjell Eidem med blomstrar på døra.  Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

– Vi ønskjer å gi dei eldre i Sykkylven eit lite lyspunkt i kvardagen, og heidre dei som gjennom mange år har bana veg og bidratt til at Sykkylven er den gode bygda den er å leve og bu i. I den tida vi er i no, men mange restriksjonar grunna korona, er det fleire som opplever mangel på møteplassar og færre får besøk. I jobben min som diakon får eg heller ikkje høve til å lage til opplegg i kyrkjene for seniorane slik eg så gjerne skulle ønskje, sa Lohne.