Hotellplananar på Ljøen

Flakk Gruppen vil bygge naturhotell

Hotellbygg, utandørs basseng, frittståande hytter og spa. Flakk gruppen har konkretisert planane sine for hotell på Ljøen.

Utsikt: Dette kan bli utsikta for gjestane på det planlagde hotellet på Ljøen.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Det er arkitektkontoret Snøhetta som har teikna det nye hotellet som er tenkt plassert i det skrånande landskapet på Øvre Ljøen. Hotellbygget med 20 rom er fordelt over tre terrassar nedover skråninga slik at gjestane får god utsikt mot fjorden frå alle rom. På kvar side og nedanfor hotellet skal fem enkeltståande hytter tilby ei meir privat oppleving der gjestane kjem enda tettare på naturen.