Ny panterekord for Kiwi Sykkylven

Kiwi Sykkylven har fått inn rekordmykje pant i 2020, 842 173 flasker og boksar. Det er 14 prosent meir enn i 2019.  – Vi har hatt auka omsetnad i 2020 og vi ser at då aukar pantemengda også, seier butikksjef Kåre Atle Vangen.

Ny rekord: Butikksjef Kåre Atle Vangen hos Kiwi Sykkylven fortel at det aldri har blitt panta så mykje i butikken som i 2020.  Foto: Privat

Nyhende

I fjor sette nordmenn ny panterekord og hos Kiwi Sykkylven blei det panta nesten 850 000 flasker og boksar. Det er mest i Sykkylven og femte mest i heile Møre og Romsdal, ifølgje panteselskapet Infinitum.