Fire millionar til omstillingsprosjekt i Sykkylven

Under møtet i kultur-, nærings- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune blei det einstemmig vedteke at Sykkylven kommune vil få fire millionar kroner i tilskot til omstillingsprosjektet.

Sykkylven: Sykkylvsordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) har svart på Stranda-klaga.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

– Det er veldig gledeleg at vi fekk dette beløpet. Det var det vi hadde søkt om og håpa å få full utteljing på, seier sykkylvsordførar Odd Jostein Drotninghaug til Nyss.

Tysdag vart det klart at eit samrøystes kultur-, nærings- og folkehelseutval gjekk inn for å løyve fire millionar kronar til Sykkylven kommune sitt omstillingsprosjekt. Ordføraren fortel at dette vil kome veldig godt med i arbeidet.

– Det gjer at vi no har konkrete midlar som folk kan søke på, og vi har store moglegheiter med det beløpet vi no rår over. No er det viktig at vi får brukt dette målretta i arbeidet vi no har sett i gang, seier han.

Tjuvstarta

Sjølv om løyve av midlane frå fylkeskommunen ikkje vart vedteke før på tysdag, har Sykkylven kommune allereie starta med delar av arbeidet.

– Vi har allereie starta med det som gjeld «opplevingsnæringar». Her hadde vi eit forprosjekt for å finne kva for moglegheiter som ligg føre med dei ressursane vi allereie har, seier Drotninghaug og legg til at forprosjektet var veldig godt, der mange bedrifter var med og bidrog.

– Derfor kunne vi berre sparke det heile i gang, seier han.

På grunn av det einsidige arbeidsmarknaden, med stor overvekt hos møbelindustrien, er næringslivet i Sykkylven rekna som eitt av dei mest sårbare i Norge. Det er for å gjere noko med dette at omstillingsarbeidet no er i gong. Sykkylven kommune fekk ein halv million til forarbeidet med dette i fjor, og her vart det definert fire innsatsområde.

  1. Skaparglede i næringslivet, med mål om 170 nye eller sikra arbeidsplassar for å skape ein meir robust og variert næringsstruktur.
  2. Opplevingsnæringane, mellom anna utvikling av eksisterande og nye opplevingsprodukt og masterplan for reiselivsutvikling.
  3. Samarbeid og nettverk, med tilrettelegging av samarbeidsarenaer og møteplassar
  4. Attraktive Sykkylven, gjennom utvikling av gode kommunale tenester for næringslivet.

– Håpet er at vi skal kunne byggje nye og spennande arbeidsplassar i kommunen, både på skuldrene til dei eksisterande bedriftene i kommunen, men òg for heilt nye bedrifter som startar på bar bakke, seier ordførar Drotninghaug.

Prosjektleiar: Lise Gundersen Haukeberg frå Skodje er tilsett som prosjektleiar i omstillingsprosjektet i Sykkylven.  Foto: Privat

Har tilsett prosjektleiar

Sykkylven kommune har òg tilsett ein prosjektleiar for omstillingsprosjektet. Dette er Lise Gundersen Haukeberg frå Skodje, som vil byrje i stillinga frå 1. mai. Ho kjem til stillinga frå Optimar, og har tidlegare erfaring frå mellom anna Nærings- og fiskeridepartementet og doktorgradsstipendiat frå Høgskolen i Molde.

– Det er vanleg at det er ein person tilsett som jobbar med dette. Erfaring frå andre kommunar som har hatt liknande prosjekt viser at det har vore heilt avgjerande. Då har vi ein person som kan hjelpe dei som har noko dei vil prøve ut og vil kunne gi ordentleg draghjelp, seier ordføraren.

Drotninghaug meiner at dette arbeidet ikkje berre vil vere positivt for Sykkylven, men òg for nabokommunane Stranda og Ålesund.

– Vi har hatt ein nedgang dei siste 10–15 åra, med fleire som pendlar ut enn som pendlar inn, så å få nye, spennande arbeidsplassar i Sykkylven vil bety mykje for regionen og arbeidsmarknaden. Det er flott at der er fine arbeidsplassar utanfor Sykkylven òg, men sidan vi er ein felles arbeidsmarknad vil det gagne alle at det også finns fleire her. Det er òg viktig for den lokale busetjinga, seier han.

Tida framover

No når dei har fått innvilga pengar, vil omstillingsstyret ha eit møte der dei vil legge lista for kva som skal gjerast framover. Dette betyr også meir arbeid for Drotninghaug.

– Eg vil bruke ein del tid på det framover, og det er noko eg har stor respekt for å ta laust på, seier han.

Dette betyr også at det er ein del oppgåver han elles skulle gjort som andre må ta seg av.

– For å få skikkeleg kvalitet kan ein ikkje gjere noko av dette halvvegs, men det er ikkje noko eg ser mørkt på. Mellom anna har varaordføraren blitt engasjert på enkelte felt, seier Odd Jostein Drotninghaug, ordførar i Sykkylven.