Synspunkt

Meininga med livet

Om Victor E. Frankl sin overlevingsfilosofi

Victor E. Frankl overlevde opphaldet i konsentrasjonsleiren.   Foto: Illustrasjon/montasje: Linda Nygard-Sture

«Ein er sterk så lenge ein står for ein sterk idé»

Sigmund Freud
Meiningar

Viktor E. Frankl var ein austerriksk lege og psykiater. Han var født i 1905 og døydde i 1997. Han studerte medisin ved universitetet i Wien, og spesialiserte seg innanfor psykiatri. Han var mest oppteken av å studere årsakene til depresjon og sjølvmord, og han tok til å utvikle behandlingsmetodar mot dette.