Så mange er vaksinerte i Stranda og Sykkylven

Vaksineringa i begge kommunane er godt i gang.

Vaksinering: I både Sykkylven og Stranda er dei i gang med å vaksinere befolkninga mot covid-19. Bildet er frå det tidlegare sparebankbygget i Sykkylven, der vaksineringa blir gjort i kommunen.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Vaksinane mot koronaviruset har kome til landet, og arbeidet med vaksinering har heldt på i litt over ein månad. Fram til no er det Pfizer sin vaksine det har gått mest av her i landet, men natt til søndag 7. februar kom òg dei første vaksinane frå AstraZeneca til Norge.