Hundeidvik privatskule feirar ti år:

– Stor stas med jubileum

Hundeidvik Privatskule var skipa i 2011, og er såleis tiårsjubilant i år. – Det synest sjølvsagt vi som har vårt daglege virke her er stor stas, seier tilsett Janne Egset.
Nyhende

Skulen i Hundeidvik er omkransa av flott natur og eit stort leikeområde som ligg lokalisert midt i Hundeidvik kulturpark, med jungelløype, utebase med gapahuk, klatrepark, fotballbaner, idrettshall med klatrevegg, kunstgrasbane og squash lett tilgjengeleg.