Rektor fortel om mykje biltrafikk rundt Ullavik skule:

– Vi ønskjer å gjere området tryggare

Rektor ved Ullavik skule, Kjersti Haddal Hovet, ønskjer å gjere området rundt skulen meir trafikksikkert.

Biltrafikk: Ved skulestart er det mykje trafikk rundt Ullavik skule.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Trafikken rundt Ullavik skule i Sykkylven ved skulestart og skuleslutt har vore eit tema rektor Kjersti Haddal Hovet har vore opptatt av i mange år. Stort sett kvar vinter, når mørket fell på og brøytekantane gjer vegen smalare, er det bekymra foreldre som tar kontakt. Hovet deler foreldra si bekymring.