Nokon skaut mot stuevindauget til Tone og Petter Tandstad:

– Ein må kunne føle seg trygg heime

Petter og Tone Tandstad skulle slappe av og sjå på tv ein søndagskveld, så small det i ruta. Dagen etter fann dei eit kulehol.

Skremd: Tone og Petter Tandstad i Straumgjerde fekk seg ein støkk då det small i stuevindauget mens dei såg tv. – Ein må kunne føle seg trygg i eigen heim, seier dei to.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– Vi hadde vore i Langevåg for å besøke nokre slektningar, og kom heim igjen fordi eg ville sjå «Farmen». Ikkje lenge etter vi hadde sett oss ned i sofaen small det skikkeleg, seier Tone Tandstad.