Populær restaurant i Geiranger får over ein million kroner frå regjeringa

Brasserie Posten får 1.040.000 kroner til omstilling og tilpassing i korona-krisa frå Innovasjon Norge.

Får midlar: Kenneth Skarbø Løken og Brasserie Posten i Geiranger får 1.040.000 kroner frå Innovasjon Norge.  Foto: Arkiv

Nyhende

Det er Nærings- og fiskeridepartementet som melder dette i ein e-post til Nyss. Dagleg leiar og eigar Kenneth Skarbø Løken fortel at midlane vil kome godt med.

– For oss er det kjempeviktig å få så mykje omstillingsmiddel. Det har vore tøffe tak over heile landet i året som gjekk, men særleg hos reiselivet som har vore tilnærma nedstengt. Dette gjer at vi kan ta inn heilårstilsette tidlegare enn før, og at vi nå får fleire bein å stå på, fortel han.

Skarbø Løken fortel vidare at det framleis er mat dei vil drive med, men at dei vil no kunne produsere eigen mat i Geiranger.

– Mellom anna vil vi lage røykt aure, av aure vi får frå Hofseth Aqua, og så vil vi lage eigen Geirangermør. I fjor starta vi opp med å produsere matkasser, slik som grillkasser til 17. mai og julekasser. Der vi har produsert restaurantmat som vi då har sendt ut til folket, fortel han.

Populær: Brasserie Posten held til i det gamle postkontoret i Geiranger.  Foto: Eivind Louis Helset



– Tør å satse

Midlane dei får frå Innovasjon Norge vil dei nytte til å utvikle matkasser og matproduksjon samt nettside, netthandel og slike ting.

– Vi skal framleis ha fokus på restauranten, men vi treng fleire bein å stå på. Kundegrunnlaget fall vekk i fjor, men vi klarte å hente oss ein del inn igjen ved å tilby produkt vi ikkje har hatt før, som julegaver til bedrifter, julebordskasser, røykt aure og anna lokalmat. Samstundes hadde vi ein fantastisk fellesferie, med historisk godt sal i fire-fem veker, men det var det. Desse midlane gjer at vi tør å satse. I alt blir det rundt 1,3 millionar kroner i kostnader, så her vil vi òg legge til 260.000 sjølve. Det gjer at vi er happy og dei tilsette er happy, seier Skarbø Løken og legg til at for dei er det berre moglegheiter framover.

– Vi har eit godt samarbeid med mange lokale matprodusentar, og lokal mat er noko eg har brent for lenge. Vi skal i alle fall lage den beste røykeauren i bygda sidan vi ikkje har så mange konkurrentar der, seier han og ler.

Matkassene og produksjonen er ein del av prosjektet Geiranger mat, som er eigd av Brasserie Posten. Skarbø Løken fortel at dette er noko dei har hatt i tankane lenge.

– Det at vi får fleire bein å stå på gjer at vi no kan sikre drifta gjennom heile året, seier Kenneth Skarbø Løken hos Brasserie Posten i Geiranger.