Kjekke dagar på skøyteisen

Skigruppa på Ikornnes Idrettslag har forvandla tennisbana til ei stor og flott skøytebane, der små og store har det kjekt ilag.

Legoleik: Legomannen til Ane Velle Flemsæter fekk også vere med på leiken.  

Nyhende

Det er stor aktivitet på skøytebana som er laga til av idrettslaget på Ikornnes, der det til vanleg er tennisbane. Ekornes industrivern stillte på og sprøyta vatn.

– Skøytebana har blitt veldig populær, og det er kjekt og sjå at folk kosar seg på isen, seier Maren Velle, som sjølv tek med seg familien sin for å nytte den nye skøytebana.

Langrenn: Signe Vikås tek seg ein langrennstur saman med mamma Anette Døving rundt stadionen.  Foto: Privat

Spark: Konrad Strømmegjerde Helle sparkar med Ane Velle Flemsæter.  Foto: Privat


Aking: Aksel Velle Flemsæter kosar seg i akebakken på stadionen.  Foto: Privat


Livleg: Mange har kosa seg på skøyteisen den siste tida.  Foto: Privat