Sykkylvslegar går til Stranda

Nyhende

Stranda kommune har fem fastlegestillingar. I desse stillingane er Maiken Korsgaard Sørensen, Bjørg Johansen og Borghild Hole tilsett, medan to av legestillingane har vore vakante sidan august 2020. Desse har blitt dekka opp ved hjelp av vikarar. To nye fastlegar er tilsette og startar opp 1. april. Dette er Anette Drengk og Inge Andre Settemsdal, som i dag jobbar i Sykkylven. Stranda har også ei 1 LIS 1/turnuslegestilling, der ein skiftar kvart halve år. Her er ein 20 prosent stillingsressurs som kommuneoverlege. Under koronapandemien er dette oppnormert. Her er Arne Gotteberg engasjert. Frå 10. mai er Aleksander Linge Sommerdalen tilsett i ei nyoppretta 100 prosent stilling som felles kommuneoverlege for Sykkylven og Stranda.