Konsert på Stranda:

Marion Ravn leverte varene

- Det er godt å endeleg vere på turnè att, seier Marion Ravn.

Akustisk Marion Ravn og gitaristen Jan Ole Kristensen leverte varene på Stranda.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Marion Ravn og hennar dyktige gitarist gjennom ti år, Jan Ole Kristensen, entra scena på slaget 19.30 laurdag kveld. Duoen starta roleg med songar frå Ravn si siste plate "Mellom disse fire vegger", men auka tempoet undervegs. Og publikum var med frå første note. Fleire av songane var om tapt kjærleik og ekskjærastar.