Kreative dagar ved møbelmuseet i Sykkylven

Unge og nytenkande designarar

Elevar ved fleire av barneskulane i Sykkylven har fått prøve seg som designarar ved møbelmuseet.

Klassisk stol: Sindre Karlsen Skjong kan fortelje at han har designa ein klassisk stol.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Tidlegare denne veka fekk elevane i 6. klasse ved Hundeidvik Privatskule prøve seg som møbeldesignarar då møbelmuseet i Sykkylven inviterte til designverkstad. Dette er eit tilbod museet har hatt i fleire år, og som alle skulane i kommunen kan nytte seg av.