Kommunestyret i Stranda

Samrøystes nei til å ta imot flyktningar

Kommunestyret i Stranda vedtok at kommunen ikkje skal ta imot flyktningar i år. Bakgrunnen er at mottaksapparatet i kommunen er bygd ned og at ein ikkje veit om ein vil få tildelt flyktningar som skal busette seg om ein seier ja og legg til rette for det.

Rådmann Åse Elin Hole tilrådde at Stranda kommune ikkje tek imot flyktningar i år. Ho fekk med seg eit samrøystes kommunestyre.   Foto: Bjørn Arild Hatlem/Arkiv

Nyhende

Stranda kommune tok sist imot flyktningar i 2016. Dei siste åra har kommunen fått melding frå (ntergrerings- og mangfolddirektoraret (IMDI) om at befolkningsgrunnlaget er for lite til å ta imot flyktningar. I oktober 2020 kom det likevel eit brev der kommunen blei bedd om å ta imot ti i 2021.