– Må ikkje gå i same fella som Sykkylven

Kommunestyret i Stranda skulle måndag ta stilling til om tre attraktive tomter i Geiranger sentrum skulle lysast ut for sal. Fleire politikarar var uro for ar ein kunne gå for fort fram.

Skreptisk: Kristine Skarbø (Sp) var skeptisk til at det i framlegget var lagt opp til at den som betaler mest får desse viktige tomtene.  Foto: Marius Simensen

Nyhende

Fleire melde si interesse for tomtene BS7, BS8 og BS9 i Geiranger sentrum seinhausten 2020, etter at godkjenning av reguleringsplanen vart kunngjort. Tomtene er sett av til sentrumsformål. For eine tomta, BS9, er det eit krav etter at parkeringstunnel må vere etablert før tomta kan byggast ut. Måndag skulle politikarane ta stilling til om dei to andre tomtene skulle lysast ut for sal. Fleire har meld interesse for tomtene.