Får etablere akvakulturanlegg ved Bjugane

Sveinung Vemøy (Sp) fekk i Sykkylven kommunestyre i stor grad gjennomslag for sitt forslag om at Hofseth Aqua AS kan etablere eit akvakulturanlegg ved Bjugane, aust for Ramstadvika i Sykkylven.

Akvakulturanlegg Sveinung Vemøy (Sp) var positiv til å etablere akvakulturanlegg ved Bjugane.   Foto: Frank Kjøde

Nyhende

I sitt innlegg i Sykkylven kommunestyre sist måndag sa Sveinung Vemøy (Sp) mellom anna at etablering av eit akvakulturanlegg ved Bjugane, aust for Ramstadvika har blitt støtta av statsforvaltaren, og gitt ein dispensasjon med klare vilkår som at total biomasse blir uendra, men at ein får større spreiing mellom eksisterande anlegg, og dermed minska risiko for smitte i fjorden. Vidare blir det gitt dispensasjon i fem år, med krav om evaluering av påverknad av lakselus.