Straumrekninga blir dyr også i februar

Oppfordrar kundar med problem om å ta kontakt

Straumrekninga var høg for mange i januar, og det ser ut til at den også blir høg i februar. Marknadskonsulent Magnus Holan hos Stranda Energi AS ber kundar som slit med å betale straumrekninga om å ta kontakt.

– Ta kontakt: Magnus Holan er marknadskonsulent hos Stranda Energi AS. Han oppmodar kundar som slit med høge straumrekningar om å ta kontakt med dei.  Foto: Privat

Nyhende

– Det er mykje betre at dei tek kontakt slik at vi kan starte ein dialog så at vi saman kan finne løysingar, seier marknadskonsulent Magnus Holan hos Stranda Energi AS til Nyss.