Tandstad barnehage vart freda

Med bakgrunn i søknadstala til barnehagane i Sykkylven, prognosar for fødselstala og budsjettet for 2021 rådde kommunedirektør Geir Ove Vegsund til at barnehagane på Tandstad og Vik vert lagt ned frå 1. august i år.

Freda: Tandstad barnehage  Foto: Christine Fohlin Verneland/arkiv

Nyhende

Det var ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) som fremja forslag om å legge ned Vik barnehage frå 1. august i år, medan han meinte at Tandstad barnehage kan bli vurdert og organisert som ei underavdeling av ein annan kommunal barnehage for å spare kostnader.
– Dersom vi legg ned Tandstad barnehage, så har kommunen trekt seg totalt ut av krinsen etter at Tandstad skule vart lagt ned. Eg går inn for å legge ned Vik barnehage, så må vi ha is i magen og avvente ei eventuell framtidig nedlegging av Tandstad barnehage, sa ordføraren, som fekk støtte av Jarle Strømmegjerde (H) og Otto Magne Strømmegjerde (Ap).